Manifester med fullmånen!
I dag er det fullmåne! 🌝
Årets andre fullmåne! Det er noko som er så vakkert med månen. Korleis den lyser opp nattehimmelen. Her i Sogn, der eg bur, har det vore klarvêr i fleire dagar no. Det betyr stjerneklar himmel, og månen får skinne på oss. Bildet over tok eg tysdag kveld rett utanfor huset mitt.
Er du også fascinert av månen?
Korleis påverkar månen oss?
Me kan merke energien til fullmånen nokre dagar før, og nokre dagar etterpå. Eg personlig merker det ofte på søvnen, og nokon fullmånar føler eg sterkare enn andre. Månen påverkar tidevatnet, og sidan menneskekroppen også inneheld om lag 60% vatn, er det logisk for meg at me blir påverka av månen.
Gi slepp med fullmånen.
Tradisjonelt er nymånen ei tid for nye begynnelser og fullmånen ei tid for avsluttningar. Men du kan også bruke fullmånen til å bringe ting inn i livet ditt. For å manifestere med fullmånen kan du for eksempel skrive ned kva du vil bringe inn i livet ditt—og du skriv det som om det allereie har hendt.
⭐️Fullmåne rituale⭐️
Skriv ned alt du vil gi slipp på—sjølvkritikk, frykt for å bli sett eller kritisert, andre negative mønster og tankar.
Brenn papiret medan du setter intensjonen om å fullstendig tre inn i din kraft. Det gamle er no ferdig og den tidlegare versjonen av deg sjølv er komplett.
Sei høgt “Eg gir slepp på alt som ikkje lenger tener meg. Eg er fri til gå inn i den høgste og beste tidslinja for mitt høgare sitt beste. Eg er verdig til å skinne mitt lys ut i verda. Eg er verdig til å bli elska og akseptert slik eg er.”
Før du sovnar, visualiser den beste versjonen av deg sjølv. Bruk alle sansane medan du visualiserer draumelivet ditt. Draumane dine utfaldar seg lett og dei kreative ideane dine blir levande.
🦁Denne fullmånen er i tegnet Løven🦁
Løve-energien er modig, magnetisk og sjølvsikker—stol på at det du ynskjer ikkje berre er mogleg, men også allereie på veg til deg. Gå fram med mot, og vit at din tilstadeværelse åleine er kraftfull. Det er ingen skam å ta plass og skinne.
Bruk elementet ild, for eksempel tilbringe tid i sola og danse, og tenn lys om kvelden.
Affirmasjonar til fullmånen i løven 🦁
Eg let lyset mitt skinne.
Eg er sjølvsikker, verdifull og omfavnar mi fulle kraft.
Stemma mi og gåvene mine gjer ein forskjell i verda.
Eg stolar på min evne til å skape, uttrykke og skinne slik eg er meint til og slik eg ynskjer.
God fullmåne 🌝🩷